Byggjer fem ferjer for Fjord1 – utrustar alle fem i Leirvik

NY KONTRAKT: Havyard har sikra seg ein milliardkontrakt som gjer at dei skal levere både design, utstyr og bygge fem nye ferjer for Fjord1.

NY KONTRAKT: Havyard har sikra seg ein milliardkontrakt som gjer at dei skal levere både design, utstyr og bygge fem nye ferjer for Fjord1. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Havyard får levere både design, utstyr og bygge fem nye ferjer for Fjord1.

DEL

– Dette er veldig viktig for verftet i Leirvik. Vi får mykje arbeid som gjer eit godt grunnlag i 2018 og 2019, seier Lasse Stokkeland til Firda.

Han er direktør for Havyard Ship Technology AS i Havyard-konsernet, som fredag kunne sende ut ei pressemelding om at selskapet har sikra seg kontrakt på fem nye ferjer for Fjord1. Samla kontraktverdi er på vel ein milliard kroner.

– Fredag ettermiddag fekk dei tilsette ei positiv overrasking. Den vart tatt godt imot, det er det ingen tvil om, seier Stokkeland.

Mot lysare tider

Meir arbeid er godt nytt for eit verft som den siste tida har vore i ein bølgedal med ein del permitteringar.

– Korleis er situasjonen no?

– Året i år er framleis veldig krevjande, seier Stokkeland.

For tida har verftet berre arbeid på ein liten arbeidsbåt som skal leverast i slutten av september, samt litt reparasjon og vedlikehald. Likevel har dei hatt ute annonsar for nytilsettingar. For allereie no får dei nye kontraktane effekt for ingeniørar og prosjektleiarar. Dei som jobbar med produksjon kan glede seg til desember.

– Aktiviteten vil bygge seg opp ganske raskt. Før jul startar vi med ei ferje, og frå 2018 er det full fart, seier Stokkeland.

Fjord1-kontraktane betyr to gode år for verftet i Leirvik, som har jobben med å gjere tomme skrog om til høgteknologiske ferjer.

Strenge miljøkrav

Tre av ferjene skal inn på strekninga Hareid-Sulesund og to på Magerholm-Sykkylven, begge strekningane i Møre og Romsdal. Ferjene er 111 meter lange og skal ta 120 bilar.

– Vi har drege nytte av den samla kompetansen vi har som maritimt teknologikonsern der alle disiplinar har vore involverte i samarbeid mellom forretningsområda Design & Solutions, Ship Technology og Power & Systems. Dette har vore avgjerande for at vi kunne tilby ei totalløysing som innfridde dei svært strenge miljøkrava til desse ferjene, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i pressemeldinga.

Havyard Design & Solutions har ein virtuell modelltank der ein har køyrt kontinuerlege datasimuleringar på skrogutforming, og der det er testa hundrevis av forskjellige skroglinjer for å optimalisere energiforbruket i desse sambanda. 

– Og vi kan no levere ei ferje som går på batteri heile overfartstida, seier konsernsjefen.

Batteridrift – med dieselbackup

I arbeidet med utviklinga av ferjene tek ein også steg i retning av autonome fartøy. Mellom anna blir dataverktøy brukt til å drive ferjene på mest mogleg energieffektiv måte uavhengig av kven som er på brua.

Alt utstyr på ferjene er lagt opp til å gå på batteri, samtidig er det full backup med dieseldrift ved lengre straumstans.

Havyard Design & Solutions leverer design og engineering, Havyard Ship Technology skal fylle ferjeskroga med innhald, medan Power & Systems leverer hybrid framdriftssystem, bruløysingar og automasjon, batterisystem, ladesystem og elektriske system.

– Havyard har dermed totalpakken som skal sørge for sikker og optimal operasjon av ferjene både til effektiv framdrift, lading, handtering og navigering, seier EVP Power & Systems, Tor Leif Mongstad.

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, seier det var tøff konkurranse om desse kontraktane, men at det til slutt vart Havyard Group sin kvalitet, sine leveringstider – og som alltid pris, som var utslagsgivande. 

Artikkeltags