Gå til sidens hovedinnhold

Følling: – Dette kunne vi vente

Artikkelen er over 4 år gammel

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) tar varselet frå Konkurransetilsynet med knusande ro. Minoritetseigar Per Sævik er ikkje overraska.

Konkurransetilsynet har avgjort at dei avhjelpande tiltaka frå Torghatten ikkje var tilstrekkelege, og har i dag gitt nytt varsel til partane i Fjord1-handelen. Følling meiner dette var som venta.

– Då vi vedtok salet av Fjord1 var det varsla at det kunne forventast krav om avhjelpande tiltak. Det tilsynet no seier er at Torghatten så langt ikkje har komme opp med tilstrekkelege tiltak. Det får dei moglegheita til å gjere no, seier Følling.

– Dette kunne vi vente

Torghatten har no 15 dagar på seg til å kommentere vurderinga til tilsynet. Deretter har tilsynet 15 arbeidsdagar til å treffe endeleg vedtak i saka. Tilsynet vil få ytterlegare 15 dagar på seg, dersom Torghatten vel å komme med fleire tiltak. Fristen for det endelege vedtaket er 1. juli.

– Vi er no inne i fase to av prosessen, som var det mest trulege utfallet, seier Følling.

Viser dette at det var feil gje seg i kast med sal av Fjord1?

Nei, dette er ein del av ei ordinær behandling hos Konkurransetilsynet. Dei vurderer dei konkurransemessige verknadene av handelen. Den fasen vi er i no kunne vi forvente, seier fylkesordføraren.

Trur Torghatten kjem med fleire tiltak

Følling fortel at det er avtalefesta mellom partane i handelen at det er Torghatten som skal komme med dei avhjelpande tiltaka.

Kva betyr Konkurransetilsynet sitt varsel for fylkeskommunen?

Dette er ei sak som går mellom tilsynet og Torghatten, så vi ventar på den behandlinga som skjer der. Fylkeskommunen foretar seg ikkje noko i denne saka, men eg reknar med at Torghatten er innstilt på å komme med fleire tiltak, seier ho.

Sævik er nøgd

Styreleiar i Havilafjord AS, Per Sævik, er ikkje overraska over varselet frå Konkurransetilsynet. Havilafjord eig 41 prosent av aksjane i Fjord1.

– Eg er nøgd, men ikkje overraska, seier Sævik i ei pressemelding.

– Vi ventar at fullt forbod også blir det endelege resultatet av saka. Dette sparer oss for ein mellomperiode der vi ville hatt representantar frå vår største konkurrent i styrerommet fram til rettssaka er avgjort, seier han vidare i pressemeldinga.

Rettssaka om forkjøpsrett er beramma til 29. august i Fjordane tingrett. Den vil gå som planlagt over sju dagar. Stridens kjerne er om Havilafjord sin forkjøpsrett etter lova for aksjane i Fjord1. Fylkeskommunen meiner at forkjøpsretten ikkje gjeld.

– Vi meiner å ha eit rettmessig krav på aksjane i Fjord1, og Konkurransetilsynet si avgjerd påverkar ikkje vårt krav, seier Sævik.

Kommentarer til denne saken