Fylkeskommunen har betalt ut 300.000 kroner til konsulentane som hjelpte selskapet i samband med salet av Fjord1, utan å legge fram bilag på utgiftene. I dag behandla kontrollutvalet saka.

- Utbetalingane til konsulentane i samband med Fjord1-salet har gått rett føre seg, og fakturaene frå advokatfirmaet Wiersholm AS og DHT Corporate Services AS til fylkeskommunen er tilstrekkeleg dokumenterte, seier utvalet ifølgje ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Og det var eit samrøystes utval som vedtok at dei ikkje ser at fylkeskommunen sine eigne rutinar, eller lov og forskrift, er brotne i samband med utbetalingane. Kontrollutvalet finn ikkje grunnlag for å gjennomføre ytterlegare undersøkingar eller kontrollhandlingar i saka, går det fram av pressemeldinga.

Grundig gjennomgang

Utvalsleiar Frank Willy Djuvik seier at kontrollutvalet har hatt ein grundig gjennomgang av alle fakturaer frå DHT/Wiersholm til fylkeskommunen Utvalet har også fått tilgang til, og gjennomgått, alle bilag til fakturaene.

– Bilaga er spesifisert ned til minste detalj, og bilagskvaliteten er langt betre enn det både bokføringslova, og fylkeskommunen sine kontrollfunksjonar krev. Alle utlegg og reisekostnader som mellom anna flybillettar, overnattingar, diett og bespisning er grundig spesifisert og dokumentert i bilaga, og er kontrollerte opp i mot aktiviteten til, og avtalen med, Wiersholm/DHT, seier Djuvik.

Etter lova er det Advokatfirmaet Wiersholm AS og DHT Corporate Services AS som har ansvar for å kontrollere, utbetale og oppbevare reiserekningar frå eigne tilsette, på same måten som det er Sogn og Fjordane Fylkeskommune sitt ansvar å gjere det same for fylkeskommunalt tilsette og folkevalde. Årsaka til dette er at ein har rapporteringsfrist ovanfor myndigheitene når det gjeld skatte- og avgiftslovgjeving.

Les også: Betalte ut 300.000 utan kvitteringar, Rekningane skal vere kontrollert, Kontrollutvalet krev forklaring

Ikkje innsyn i personalmapper

Djuvik seier at det ikkje er grunnlag for å krevje innsyn i dei enkelte personalmappene til tilsette i Wiersholm eller DHT for å kontrollere reiserekningane dei har levert og fått utbetalt av eigen arbeidsgjevar, då det ikkje ligg føre avvik eller uregelmessigheiter i fakturaspesifikasjonane som skulle tilsei ein slik omfattande kontroll.

– Kontrollutvalet utfører sine kontrollhandlingar basert på om det ligg føre risiko for regelbrot eller uregelmessigheiter, og vi ser ikkje grunnlag for å gjennomføre denne typen ekstraordinær kontroll ovanfor Wiersholm/DHT, då vi ikkje finn at det her ligg føre ein slik risiko, seier han.

– Fylkeskommunen har ikkje rutine for å krevje innsyn i reiserekningar til alle tilsette hos fylkeskommunen sine leverandørar, då dette ville føre til at ein måtte hatt ein enorm stab for å føre bilagskontroll med tusenvis av tilsette hjå entreprenørar, IKT-firma, elektrofirma, transportselskap, og alle andre firma som leverer tenester til fylkeskommunen. Desse selskapa har eigne rekneskapsrutinar og eigen revisjon som skal avdekke misleghald og feil. Fylkeskommunen på si side krev dokumentasjon i form av spesifiserte fakturaer slik at det skal kontrollerast at utbetalinga er i samsvar med ein eventuell avtale eller oppdragsbeskriving. Desse rutinane er i tråd med bokføringslova med tilhøyrande forskrifter, fortel Djuvik.

Revisjonen skal gjennom avtalene

Men trass i at kontrollutvalet ikkje fann grunnlag for å gå vidare med saka om fakturaene og bilaga, vedtok kontrollutvalet at revisjonen skal gå igjennom avtalen med konsulentane for å kontrollere om avtalen er inngått og utført i samsvar med lov om offentlege anskaffingar.

– Vi er ikkje fagpersonar på innkjøpsreglane, og difor finn vi det naturleg å be revisjonen om å gjere ei skikkeleg fagleg vurdering av om lover og reglar er følgd i samband med avtalen, seier Djuvik i pressemeldinga.