Fjord1 27 millionar kroner i underskot

UNDERSKOT: Tysdag presenterte Fjord1 rekneskapen for første kvartal 2020.

UNDERSKOT: Tysdag presenterte Fjord1 rekneskapen for første kvartal 2020. Foto:

Av

Ferjeselskapet Fjord1 omsette for 750 millionar kroner i første kvartal 2020. Det gir eit underskot på 27 millionar kroner.

DEL

Trass i underskotet og koronapandemien, ser administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, lyst på 2020.

– Eg har stor tru på at 2020 blir eit godt år for Fjord1, trass i at korona har sett sitt preg på første kvartal, seier Neteland i ei pressemelding frå Fjord1.

Ferjene stengde cateringsaktivitet i andre halvdel av mars, men er i ferd med å gradvis opne igjen. Samtidig ser dei at trafikken aukar.

– Dette er gledeleg å sjå etter ei utfordrande tid, seier Neteland, som òg takkar tilsette for å handtert situasjonen godt.

Fjord1 startar fleire nye ferjekontraktar i 2020. På same tid fullførar dei eit nybygg/ombyggingsprogram på over 30 elektriske ferjer og ferdigstiller ladeanlegg for ferjene.

Det har vore forseinkingar for oppstarten av eldrift på fleire av Fjord1 sine samband, skriv Nett.no.

Restriksjonane for teknisk personell kan føre til nye forseinkingar for elektrifisert infrastruktur. Det kan igjen føre til utsett oppstart for eldrift på fleire ferjesamband.

På tysdag gav generalforsamlinga grønt lys for å ta utbyte på inntil 104,5 millionar kroner, som svarar til halvparten av resultatet etter skatt i 2019. Vegard Sævik blei attvalt som styreleiar, skriv Nett.no.

Slik har koronakrisa påverka trafikken deira:

Artikkeltags