Gå til sidens hovedinnhold

Fjord Energi AS er kjøpt opp av Kraftanmelding AS

Kraftanmelding AS har kjøpt opp Sandane-selskapet Fjord Energi AS.

Det melder dei to selskapa som no blir til eitt i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Fjord Energi AS var stifta i 2008 og er i hovudsak eigd av småkraftverk i Sogn og Fjordane. Det omset kraft for litt over 30 kraftverk. Selskapet er lokalisert på Sandane og har tre tilsette.

Kraftanmelding AS omset kraft for 280 kraftverk i Norge. Selskapet har kjøpt 100 prosent av aksjane i Fjord Energi AS.

Kommentarer til denne saken