Anda-Lote var innstilt grunna tekniske problem

Artikkelen er over 2 år gammel

I full drift att klokka 16.21 torsdag ettermiddag.

DEL

Fjord1 melder på sine sider at ferjesambandet Anda-Lote er innstilt inntil vidare på grunn av tekniske problem. Denne meldinga la dei ut klokka 10.50.

Dei legg til at oppdatert informasjon skal komme «fort».

Firda har med jamne mellomrom sjekka Fjord1 si heimside for ny informasjon.

Klokka 15. 20 står det framleis at sambandet er stengt, og at dei skal komme med oppdatert informasjon.

Klokka 16.21 melde derimot Vegmeldingssentralen at fergesambandet no var i drift, og at ferja går som normalt.

Artikkeltags