Fjerna kumlokk i sentrumsgate: – Eg trur ikkje dei har tenkt kor farleg det kan vere

Kumlokket er fjerna og eit hol i bakken har kome til syne i ei sentrumsgata i Sogndal.

DEL

– Eg forstår ikkje kvifor nokon har funne meining med dette, seier Ketil Molvær i vegtrafikksentralen fredag morgon.

Rundt 08.30 fekk dei melding om at nokon i løpet av natta har drege vekk eit kumlokk frå Gravensteinsgata i sentrum av Sogndal.

Lokket har dei drege inn mot køyrebana.

Dette har skjedd i løpet av natta.

Mørkt medan lokket var vekke

– Faren er at det er eit opent hol i vegen der no. Det har også vore mørkt medan lokket var vekke, seier Molvær.

Entreprenør er varsla og er på veg ut for å ordne opp.

Kven som står bak hendinga er ukjent, men Molvær mistenkjer at det kan vere ungdommar som vil « vise kreftene sine»

– Eg forstår det ikkje heilt.

Steinras i Vik

Utanom denne hendinga, har det vore relativt stille på vegane i gamle Sogn og Fjordane.

Torsdag kom ei melding om eit mindre steinras 1 km frå Vik i retning Arnafjord på Fv. 5600. Vegen har vore stengt natt til fredag og ein geolog reiser ut til staden i dag for å vurdere situasjonen.

Klokka 09.14 fredag morgon melder Vegtrafikksentralen at vegen no er open for trafikk.


Artikkeltags