Gå til sidens hovedinnhold

Fjerde dag utan smitte

Helse Førde analyserte laurdag 136 testar for covid-19. Ingen av desse testane var positive.

Dette er fjerde dagen utan smitte i testane som Helse Førde har analysert.

Det er heller ingen innlagde pasientar med covid-19 i Helse Førde.

To av dei 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande eller sjukmelde på grunn av korona, melder helseføretaket søndag morgon.