Gå til sidens hovedinnhold

Fjellovergang stengd grunna uvêr

Tyin-Årdal opnar ikkje i dag.

Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er stengd på grunn av uvêr. Det opplyser Vegtrafikksentralen vest.

Vegstrekket blir ikkje opna igjen i dag, skriv trafikksentralen på Twitter. Ei ny vurdering vil bli gjort søndag klokka 09.

På Hardangervidda er det kolonnekøyring grunna uvêr, melder Vegvesenet. Det gjeld inntil vidare.

Kommentarer til denne saken