Gå til sidens hovedinnhold

Fjellklatrar funnen i Vik – hadde knekt foten

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag vart det sett i gang leiteaksjon etter ein fjellklatrar i Sogn. Han reiste for å klatre på Fresvikbreen onsdag, men har ikkje kome tilbake til avtalt tid.

Tre timar etter at redningsaksjonen var sett i gang vart den sakna funnen. Han hadde knekt foten, men var elles i god behald.

– Han har overnatta i Tujndalen ved breein, og har no komme seg til ein veg, opplyser politiet.

Mannen vart frakta til den lokale legevakta.

Sakna torsdag morgon

Eit redningshelikopter frå Florø vart sendt til Vik etter at det torsdag morgon kom melding om ein sakna klatrar.

Det melde Hovudredningssentralen i Sør-Norge klokka 08.40 torsdag morgon.

– Ein erfaren klatrar skulle opp på Fresvikbreen for å klatre onsdag. Han hadde gitt beskjed om at han ville kome igjen seint på kvelden, men var ikkje kommen tilbake torsdag morgon. Det ar husverten som klatraren budde hos som melde han sakna, fortel operasjonsleiar Per Algrøy til Firda klokka 08.45.

Ifølge Sogn Avis er mannen i 20-åra. Det skal ikkje vere mobildekning i området, opplyser operasjonssentralen.

Det vart søkt etter mannen med redningshelikopter, og mannskap frå Førde Kors og

– Vi søker framleis med redningshelikopter, men det er ikkje gjort funn. No har vi også kalla inn mannskap frå Røde Kors ogNorske redningshundar var også innkalla.


TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33