Like før klokka 08.20 laurdag morgon melde Vegtrafikksentralen at Fjærlandstunnelen på riksveg 5 var mellombels stengd.

Årsaka var at Vegvesenet hadde fått ei melding om stein i vegbana.

Tunnelen er no open for trafikk igjen. Det opplyser Marianne Hove i Vegtrafikksentralen like før klokka 09.

– Entreprenøren har vore gjennom tunnelen, og fann ingenting, seier ho.