DEBATT: Bokbyen i Fjærland – kulturattraksjonen held fram

BOKBYEN: – Bokbransjen generelt har nedgang i sal og Den norske bokbyen er ikkje eit unnatak, skriv Marianne Supphellen.

BOKBYEN: – Bokbransjen generelt har nedgang i sal og Den norske bokbyen er ikkje eit unnatak, skriv Marianne Supphellen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Firda tysdag 8. januar er den økonomiske stoda i Bokbyen presentert med overskrifta «Bokbyen i Fjærland kan gå konkurs». Når ein les heile artikkelen skjønar ein at overskrifta var uheldig å bruke.

Fylkeskultursjefen stadfester at dei har som mål å finne ei løysing.

Bokbransjen generelt har nedgang i sal og Den norske bokbyen er ikkje eit unnatak. Når i tillegg statstilskotet forsvinn blir det ei utfordring å finne fram til korleis ein kan drive vidare. Vi ser alvorleg på situasjonen og har difor teke kontakt med fylkeskommunen og kommunen. Bokbyen har per i dag om lag 150.000 bøker i alle kategoriar for sal til allmenta.

Fylkeskommunen og Sogndal kommune vil ikkje at dette unike tilbodet, som tek vare på eit breitt mangfald av bøker, skal forsvinne. Dei jobbar difor med å få på plass ei løysing på økonomien slik at folk framleis kan finne boka dei gjerne vil ha, og også boka dei ikkje visste dei var på jakt etter.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags