Desse 45 vann nemleg éin million kvar i ei såkalla Supertrekning. Blant desse 45 var det også ei kvinne i 50-åra frå Fjaler på vinnarlista.
Det melder Norsk Tipping på sine nettsider.
– Oi! Noko så fantastisk. No får eg hjartebank, seier kvinna, under telefonen som røpte at ho hadde blitt Lotto-millionær.
Ho vart rimeleg overraska over å vinne éin million kroner.
– Endeleg var det min tur, seier kvinna. Ho seier ho skal bruke noko av gevinsten på å nedbetale gjeld. Truleg vert det også ein ferietur.
Kvinna kjøpte vinnarkupongen på Joker Flekke.
Det står i skrivande stund att fire vinnarar som Norsk tipping ikkje har fått kontakt med. Men om forventninga stig no i Firda sitt dekningsområde kan du la vere å sjekke mobilen. Ingen av vinnarane er frå Sogn og Fjordane, eller Vestland for den del.
Dei som enno er uvitande millionærar er:
- Ei kvinne frå Lillehammer i Innlandet
- Ein mann frå Stavanger i Rogaland
- Ei kvinne få Steinkjer i Trøndelag
- Ein mann frå Sandefjord i Vestfold og Telemark