Kjetil K. Isaksen frå Vossevangen CK sette ny løyperekord i Postvegrittet i Dale laurdag. Han brukte berre ein time, 33 minutt og 47 sekund på den 46 kilometer lange løypa, som har ei samla stigning på 760 meter.
– Eg trur ikkje vi nokon gong har fått så mykje skryt for eit arrangement som i dag, seier rittleiar Linda Hovland og kunne bokføre null skadde!
– Det er utruleg flott at vi unngjekk skade i nokre av dei tøffe unnakøyringane i Postvegen, seier Hovland og såg at det vart dobbeltsiger til Vossevangen Cykleklubb.
Solid rekord
– Den gamle rekorden hadde Erik Nordstoga frå Mosjøen det året han vann Birken for mosjonistar. Og eg trudde ikkje at nokon skulle klare å slå den tida. Men Isaksen var nesten minuttet raskare enn den gamle rekorden, seier Arvid Haugen i Dale il Sykkel.
- I dameklassa vann som venta arrangørklubbens Hege Vagstad, men ho var omtrent tre minutt bak sin eigen rekord som ho sette i 2012, seier Haugen.
Myldra
Det var 59 deltakarar som stilte i sjølve Postvegrittet, medan barnerittet i etterkant samla 76 deltakarar.
– Her har vi ein flott vekst sidan i fjor, og det er flott å sjå dei unge boltre seg i rundløypa, seier Linda Hovland etter det sjette Postvegrittet i Fjaler.
Alle tidene
K20-30:
1,May Flo, Vossevangen CK, 2:28:18,47
K30-40:
1,Hege Vagstad, Dale IL sykkel, 2:02:50,35, 2,Eli-Terese Sande, Dale IL sykkel, 2:41:54,12
K40-50:
1,Anne-Tove Sande, Dale IL sykkel, 2:06:08,97
M17-20:
1,Kristian Tjønneland, Ottestad IL Sykkel, 1:38:50,69
M20-30:
1,Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, 1:34:59,19, 2,Tom-Erik Abildgaard, NTNUI, 2:02:01,19, 3,Mats Størdal, Åsane CK, 2:07:37,82, 4,Geir Anders Larsen, Bodø Terrengsykkelklubb, 2:07:44,12, 5,Oddne Skrede, Sogn CK, 2:08:25,22, 6,Arturs Garselis, 0, 2:44:32,44
M30-40:
1,Kjetil K. Isaksen, Vossevangen CK, 1:33:47,44, 2,Rune Herheim, Vossevangen CK, 1:38:58,00, 3,Espen Gåsdal, Bergen CK, 1:42:09,51, 4,Øystein Nordahl Moe, Førde CK, 1:53:23,89, 5,Stian Rønnekleiv, Flora CK, 2:06:50,33, 6,Kristian Stubseid, Sogn CK, 2:10:42,20, 7,Erik Vagstad, Flekke Blokkfløyteklubb, 2:19:45,64, 8,Geir Fredsvik, Sogn CK, 2:23:07,78, 9,Thomas Nielsen, Aben og neanderthaleren, 3:05:19,87
M40-50:
1,Joachim Jordan, Fana IL Sykkel, 1:36:54,28, 2,Atle Halvorsen, Flora CK, 1:43:43,29, 3,Geir Kristiansen, Flora CK, 1:43:43,32, 4,Bjørn Chr Larsen, Bergen CK, 1:49:13,48, 5,Bjarte Skår, Dale IL sykkel, 1:55:19,33, 6,Bård Ottesen, Viebøen MTB, 1:57:22,60, 7,Kaspar Sørensen, Aben og neanderthaleren, 2:03:15,23, 8,Rune Horgen, Flora CK, 2:05:06,09, 9,Jan Ole Liljedal, Sogn CK, 2:06:24,40, 10,Bjarte Heggheim, Breimsbygda IL sykkel, 2:07:06,76, 11,Ståle Brattelid, Dale IL sykkel, 2:10:27,71, 12,Kjetil Høgseth Felde, Dale IL sykkel, 2:11:21,46, 13,Frode Hellebust, Dale IL sykkel, 2:13:46,17, 14,Lars Kristoffer Reksten, Flora CK, 2:16:27,23, 15,Ivar Selvåg, Dale IL sykkel, 2:17:39,27, 16,Asbjørn Osland, Førde CK, 2:19:05,15, 17,Thomas Schou, Aben og neanderthaleren, 2:22:01,26, 18,Jakob Ravn, Aben og neanderthaleren, 2:24:58,90, 19,Leif Henning Solheim, Dale IL sykkel, 2:25:51,38, 20,Anders Neerland Soleim, Førde CK, 2:28:14,35, 21,Thomas Hansson, Aben og neanderthaleren, 2:36:07,15, 22,Jørn Kenneth Osland, Førde CK, 4:37:05,32
M50-60:
1,Claus Clausen, Astrik, 1:49:47,62, 2,Helge Løtuft, Breimsbygda IL sykkel, 1:59:25,97, 3,Jørn Vartdal, Ørsta sykkelklubb, 2:02:56,36, 4,Kjetil Gjesdal, Arna SK, 2:03:25,26, 5,Kjell Baggetun, Høyanger BIL, 2:03:27,81, 6,Per Rune Hjelle, Breimsbygda IL sykkel, 2:10:17,64, 7,Hellesøy Audun, Vest CK, 2:10:41,43, 8,Frode Skarstein, Vest CK, 2:10:41,54, 9,Henning Nesse, Statoil BIL, 2:16:13,35, 10,Rune Abildgaard, FRAMO BIL / Åsane CK, 2:17:59,75, 11,Jens Helgheim, Dale IL sykkel, 2:29:32,50
M60-70:
1,Arne J Myklebust, Sandane Sykkelklubb, 1:53:27,32, 2,Magnus Håheim, Breimsbygda IL sykkel, 2:16:59,03