Når Kjerstin kjem heim, ventar ein fest

Fjaler kommune skal feire gullvinnaren sin.

SØSTRENE: Regine Boge Skadal, Kjerstin Boge Solås og Andrea Boge Solås under EM-banketten.

SØSTRENE: Regine Boge Skadal, Kjerstin Boge Solås og Andrea Boge Solås under EM-banketten. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

I helga vart Kjerstin Boge Solås europameister i handball saman med det norske landslaget. Det gjer ho til den første europameisteren frå Sogn og Fjordane i handball, og då sjølvsagt også frå Fjaler.

No vil heimkommunen vise at dei set pris på gullvinnaren sin.

– Vi har heist flagget, no skal vi ta hjarteleg imot Kjerstin Boge Solås når ho kjem heim, sa ordførar Gunhild Berge Stang i kommunstyremøtet i Fjaler mandag.

Varaordførar Nina Yndestad var den første som tok ordet, då kommunestyret vart sett i Fjaler mandag.

– Eg vil opne med å gratulere Kjerstin Boge Solås. Ho kjem heim torsdag, og eg syns vi skal møte henne med ein blomst eller noko for å gratulere, sa Yndestad.

– Ja, vi har heist flagget i dag, og vi kjem til å lage til ein heimkomst på torsdag som skal vere open for bygdefolk og andre folk. I etterkant av festen skal ho trene med nokre ungar, det blir kake og saft, og vi skal gjere skikkeleg stas på Kjerstin. Det blir i Fjalerhallen klokka to, sa Berge Stang.

– Det var dårleg timing å slutte å dele ut Fjalerprisen i år, sa Arve Helle.

Artikkeltags