Gå til sidens hovedinnhold

Får 40.000 til syklar for eldre og funksjonshemma

Artikkelen er over 3 år gammel

FJALER: Denne våren kan bli spesielt fin for folk i Fjaler som ikkje kan sykle sjølv. No får dei nemleg syklar med plass til to passasjerar framme.

– Desse passasjersyklane har vi hatt lyst på i vel eit år, og lurt på korleis vi kan skaffe midlar til dei.

Det seier Kjersti Valvik, leiar for bistand og omsorg i Fjaler kommune.

No får dei 40.000 av Lions Club Fjaler. Syklane er bestilt, og kjem allereie i mai.

Kjenne vinden

Syklane skal verte nytta i kommunens institusjonar og i heimehjelpa. Planen er at frivillige skal kunne ta med folk ut på sykkeltur.

– Det er veldig fint for dei med utviklingshemming eller ein demenssjukdom. Det er ein fin måte å komme seg ut på tur og kjenne vinden i andletet, seier Valvik.

Fint samarbeid

Kommunen har eit fint samarbeid med den lokale Lions-klubben, fortel Valvik. Nyleg har dei òg bidrege med pengegåve og dugnadshjelp til å ruste opp hagen ved sjukeheimen i Dale. Den har fått grill, lysthus, treningstrapp og nye møblar.

– Vi er veldig glade for samarbeidet, og gleder oss til å få syklane. Dei blir veldig fine å ha no om våren, seier Valvik.

Kommentarer til denne saken