Mark farga Fjaler-budsjettet grønt

GLAD: Mark Taylor var dagens mann på budsjettmøtet i Fjaler kommunestyre.

GLAD: Mark Taylor var dagens mann på budsjettmøtet i Fjaler kommunestyre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Mark Taylor frå einmannspartiet MDG leverte inn 39 endringsframlegg til Fjaler-budsjettet. Han fekk gjennomslag for sju av dei.

DEL

– Det var godt å få noko vedteke i budsjettet. Fjaler har tatt eit skritt i grøn retning, sa ein kjempeglad Mark Taylor etter møtet.

Til kommunestyremøtet i Fjaler måndag var det ein av representantane som møtte litt betre budd enn dei fleste: Mark Taylor hadde laga sitt eige budsjettframlegg, med endringar på 39 punkt i høve til formannskapet sitt framlegg.

Nesten all fritid

– Det har vore veldig mykje arbeid. Veldig mykje av fritida mi går med til dette. Men det er jo ei viktig sak òg.

Og Taylor, som sjølv i dei mest utrulege saker kjem på eit miljøperspektiv som ein må tenke på, fekk bra utteljing for arbeidet sitt. Sjølv om han trekte 32 av endringsframlegga før avrøystinga, fekk han gjennomslag for dei sju han let stå, seks av dei samrøystes.

– Eg sende ut alle framlegga torsdag kveld, for då visste eg at dei andre partia hadde gruppemøte. Eg prøvde å forhøyre meg litt om kva eg kunne få folk med på, men fekk ikkje så mykje tilbakemelding på det. Men då Arne Osland (V) gjekk på talarstolen i møtet og ramsa opp kva for nokre av mine framlegg dei kunne vere med på, vart eg veldig glad.

Sju siders dokument

Taylor argumenterer grundig, omfangsrikt og til tider folkeleg for sakene han vil ha gjennom. Dokumentet han sende ut var på sju tettskrivne A4-sider. Om det nye møblementet som var påtenkt i kommunestyresalen hadde han følgande å melde:

– Eg har vel til dags dato aldri opplevd at nokon ikkje vil gifte seg i Dale kyrkje, fordi dei syns det er vondt å sitte på trebenkane frå 1964. Så må vel folk greie å sitte på stolane her i salen og, som er frå 1980.

Og han fekk med seg kommunestyret på det. Så sparte, eller i alle fall utsette, vi dei klimautsleppa.

Elles fekk han gjennom at kommunestyret skal få greidd ut moglege kommunale tiltak og kostnader ved rydding av marin forsøpling, og at skulane i Fjaler skal søke om midlar frå og delta i «Den naturlige skolesekken», som har som mål å bidra til at barn og unge gjennom opplæringa får kunnskap og bevisstheit om berekraftig utvikling og klodens miljøutfordringar.

Ber SUM om bytebu

Av direkte, handfaste klimatiltak lokalt fekk han kommunestyret samrøystes med på å be SUM om å opprette ei bytebu på gjenvinningsstasjonen, og at kommunen heretter ved innkjøp av køyretøy og anleggsmaskinar skal legge stor vekt på klimaeffektive løysingar.

Storpolitiske linjer vart det òg trekt. Taylor fekk fleirtalet i kommunestyret med seg på følgande vedtak: «Noregs Bank tilrår å trekke Oljefondet ut av alle investeringar i fossil energi. På same måten skal Fjaler kommune (som investerer over 800.000 kr i eigenkapitaltilskot i KLP) be KLP trekke alle investeringar ut av fossil energi og heller investere i fornybar energi.»

Og sist, men ikkje minst: Eit samrøystes kommunestyre rekker ut ei hand til vanskelegstilte familiar, ved at ein skal greie ut eit system med billegare SFO til born i økonomisk vanskelegstilte familiar.

Akkurat det fann Taylor spesielt gledeleg:

– Eg syns det er viktig at folk med låge inntekter, som t.d. flyktningar, får høve til å ha barna sine i SFO, slik at det blir lettare for dei å få seg ein jobb. Og at barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar får ta del i slike aktivitetera på linje med andre born.

Artikkeltags