Kulturrådet doblar støtta til Teaterfestivalen

I SPISSEN: Miriam Prestøy Lie er regissør og pådrivar for teaterfestivalen.

I SPISSEN: Miriam Prestøy Lie er regissør og pådrivar for teaterfestivalen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FJALER: Teaterfestivalen får totalt 2,6 millionar kroner frå Kulturrådet dei neste tre åra.

DEL

– Dette er ei fantastisk nyheit, og inneber ei dobling av tilskotet dei kommande åra. Vi er svært glade for at vi får halde fram å utvikle festivalen dei neste åra, og vil mellom anna auke satsinga på born og unge i tillegg til samarbeid med nasjonale aktørar og institusjonar, skriv kvinna som har stått i spissen for festivalen i Fjaler, Miriam Prestøy Lie i ein e-post.

Eitt av 19 tiltak

Fredag gav Kulturrådet 800.000 kroner i tilskot for 2018, og dei aukar tilskotet med 100.000 kroner både i 2019 og 2020. Festivalen i Fjaler eir ein av 19 tiltak som får støtte over Kulturrådet si ordning for scenekunst.

– Fagleg utval for scenekunst meiner ei styrking og vidareutvikling av arrangørar på scenekunstområdet er avgjerande for å auke etterspurnaden etter scenekunst rundt om i landet. Med større økonomisk føreseielegheit kan arrangørane tenke heilskapleg og langsiktig rundt formidlinga si, skriv kulturrådet i ei pressemelding.

Vidareføring til viktige arenaer

Dei fleste tildelingane i denne runden går til vidareføring og styrking av arrangørar som alt har markert seg som viktige arenaer, går det fram av pressemeldinga. Og berre to av dei får meir i årleg tilskot enn festivalen i Fjaler; foreininga får Norsk samtidsdramatikk i Oslo som frå 1,1 million både i 2019 og 2021, men som må nøye seg med vel halvparten i 2018 og 2020, går det fram av tildelinga.

Teaterfestivalen vart arrangert for første gong i 2013, og fekk sitt første tilskot frå Kulturrådet i 2014, då var tilskotet på 400.000 kroner.

Hei!

Snart er det Stortingsval.

Kva vil du utfordre politikarane på?

Kva kan dei gjere for deg?



Artikkeltags