Gå til sidens hovedinnhold

– Kunne godt kutta ut julegåvene

– Eg er nok ikkje så julete. Eg manglar eit pyntegen som dei fleste damer har, seier Ingeborg Opdøl Tysnes.

Artikkelen er over 3 år gammel

Ingeborg Opdøl Tysnes (43) bur i Dale og er kultursjef i Fjaler.

Kva barndomsminne har du om nissen?

– Vi hadde julenisse, men eg har ikkje noko sterkt minne om det, anna enn at mamma eller pappa ikkje var der.

Kva håpar du nissen skal gi deg i år?

– Eg ønsker meg Olaug Nilssen si bok «Tung tids tale».

Kor julete er du på ein skala frå 1-10?

– Eg er nok berre på tre. Eg manglar eit pyntegen som dei fleste damer har. Men eg prøver å jobbe meg oppover. I desember lagar eg adventskalender på jobben. Vi samanliknar kollegaane med både teikneseriefigurar og kjendisar. Og så kjøpte eg den første julegåva førre helg.

Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

– Eg tenker at det er å samle familien, og prøve å stresse litt ned. Berre vere i lag.

Plast eller ekte tre?

– Eg har ekte tre. Eg må ut og leite. Plast trur eg kanskje eg aldri vil komme til å vurdere. Eg vil ha litt natur inn i stova. Det er noko med lukta i stova, og det å hente juletreet er og alltid kjekt. Vi høgg det ofte i skogen sjølve.

Kva seier du om vi av miljøomsyn innfører at kvar innbyggar maksimalt får julehandle for 1000 kroner? Bortsett frå maten, då?

– Det vil eg seie er heilt innafor. For meg kunne ein godt ha kutta alle julegåvene. Det er dei som skaper stress. Og det skaper forventningar som er ganske feil.

Går du i kyrkja, eller betyr jula mest nokre ekstra fridagar?

– Eg går ikkje i kyrkja. Jula betyr nok mest nokre fridagar, ja. Eg feirar at sola snur.

Kven du vil sende ein julebodskap?

– Eg vil sende ei helsing til Gunhild Berge Stang om at no må ho ta ti dagar heilt fri. For det har ho fortent.

Kvar dag fram til jul opnar Firda ei ny luke i kalenderen vi har kalla «I nisseland».

1. desember: Terese Aasen Savland Har jobba nesten kvar jul etter at ho vart sjukepleiar

2. desember: Ane Persdotter Østby Birkeland Jul i kvar krik og krå

Kommentarer til denne saken