Dukka opp mellom blekksprutar og stjernekollisjonar

Gaute Hope, som no er heime i Norge og skriv på doktorgrad, kunne godt tenke seg ein ny tur til Arktis.

Gaute Hope, som no er heime i Norge og skriv på doktorgrad, kunne godt tenke seg ein ny tur til Arktis. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

I vitskapsmagasinet Science si kåring av årets vitskapsbilde, ser vi fantastiske hendingar og observasjonar. Mellom dei finn vi ein nordmann.

Søstera hans, Tora Hope, kommenterer på Facebook:

– Blant topp ti vitskapsbilde i 2014 ser vi Philae, som landar på ein komet. Vi ser to gigantiske blå stjerner, som kolliderer i verdsrommet. Vi ser ein ganske stor blekksprutmamma. Og så ser vi Gaute, som puttar noko i ei plaststong på Nordpolen.

Bilda kan du sjå her.

Til Arktis med luftputebåt

I 2012 var Gaute Hope frå Fjaler i Arktis for å studere rørslene i havbotnen. Medan han opererte utstyret som målar vibrasjonane frå små jordskjelv, tok professoren han reiste med, bilde av han. Dette har blitt brukt i mange samanhengar, og er no kåra til eitt av årets ti beste vitskapsbilde, i samanheng med at professor Yngve Kristoffersen har publisert forskingsresultat frå turen.

– Du har nesten blitt eit ikon på utforsking i Arktis.

– Ja, bildet er brukt i mange samanhengar, med den luftputebåten, men det er Kristoffersen som er den verkelege pioneren. Det var veldig kjekt å få vere med.

– Er Nordpolen like eksotisk som kometar og stjernekollisjonar?

– Det er kanskje ikkje like vanskeleg å komme seg dit, men det er ikkje særleg lett. I alle fall å komme til havbotnen under isen.

Knekker kodar med jordskjelvdata

Havbotnen han lytta til på bildet, ligg om lag 5500 meter under isen, og er ein del av ei kløft på Gakkelryggen, der to plater går frå kvarandre. I dei grunnare områda, på 3000-4000 meter, kan det brukast tau og skrapeinstrument, men det går ikkje på det djupaste.

Skjelva kan avsløre kva som skjer når platene bevegar seg, eit mysterium som framleis ikkje er heilt løyst, men dei er så svake at dei ikkje kan målast frå land. Difor reiste mellom andre Hope med luftputebåten over isen for å måle rett over kløfta.

Medan Hope no skriv på ein doktorgrad, er professor Kristoffersen ute på tur igjen.

– Du lengtar ikkje ut igjen?

– Jo, i alle fall på kortare turar, men eg veit ikkje om eg er klar for å vere der oppe i eit år, slik dei er no.

Artikkeltags