Gras- og krattbrann i Fjaler – to personar sendt til legevakt

SLØKT: Brannen i Tyssedalen er no sløkt.

SLØKT: Brannen i Tyssedalen er no sløkt. Foto:

Brannen skal no vere sløkt.

DEL

Vaktleiar Oddbjørn Aune fortel til Firda at det har komme inn meldingar til Alarmsentralen i Florø om ein gras- og krattbrann i Fjaler.

– Brannen er meldt i Tyssedalen, i området Tyssedalshøgda, seier Aune.

Brannmannskap sendt frå Dale

Han fortel at meldingane til no ikkje er særleg detaljerte, og at brannmannskapet difor ikkje har oversikt over omfanget.

– Varselet kom frå folk som bur i området, som sjølv hadde blitt varsla på telefon, seier vaktleiaren.

Brannmannskap er sendt frå Dale, og er venta på staden snart.

Spreier seg mot skog

Klokka 15.01 melder Vest politidistrikt at brannen spreier seg mot eit skogområde.

Det blir då meldt at brannen skal vere i området Engabøhaugane.

Både brann og politimannskap er på staden, og det blir meldt at brannen ikkje skal utgjere ein trussel for hus og personar i området.

To personar til legevakt

Brannen skal no vere sløkt. To personar er sendt til legevakt etter å ha pusta inn røyk.

Det blir oppretta sak på forholdet, melder politiet på Twitter.

Artikkeltags