Enoro kjøpt opp av australsk firma

KJØPT OPP: Enoro AS har hovudkontor i Dale i Sunnfjord.

KJØPT OPP: Enoro AS har hovudkontor i Dale i Sunnfjord. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Dale-bedrifta er kjøpt opp av internasjonal teknologigigant.

DEL

Teknologibedrifta Enoro, som er basert i Fjaler, er blitt kjøpt opp av det internasjonale IT-firmaet, Hansen Technologies.

Australsk gigant

Hansen Technologies har hovudkontor i Melbourne i Australia. Firmaet har også kontor i fleire land, som New Zealand, USA, Kina, Argentina, Danmark, Tyskland, Storbritannia og Sør-Afrika. Selskapet er ein global leverandør av kundeservice for teknologi innan blant anna telekommunikasjon og betalingsfjernsyn. Dei skriv på sine nettsider at dei har over 40 år med erfaring i bransjen og fleire enn 900 tilsette.

– Perfekt «match»

– Oppkjøpet av Enoro gjer at Hansen Technologies blir eit konkurransedyktig sterkare selskap i den europeiske energimarknaden, seier CEO i Hansen Technologies Andrew Hansen, i ei pressemelding.

Hansen Technologies skriv at dei ser på Enoro som ein perfekt strategisk «match» for bedrifta, og at dei gler seg til å ha Enoro sine ferske produkt som ein del av porteføljen sin.

Les også:

Hovudkontor i Dale

Enoro kan vise til 25 års erfaring frå utvikling og leveranse av programvareløysingar og tenester for energibransjen.

Konsernet har hovudkontor i Dale i Sunnfjord. I tillegg har dei kontor i Lillehammer og Trondheim. Selskapet støtter heile spekteret av energimarknaden, inkludert straum, gass, fjernvarme, fjernkjøling og vatn. 

Selskapet har også kontor utanlands, både i Finland, Nederland, Sverige og Sveits. Totalt har selskapet meir enn 250 tilsette, der 130 av dei arbeider i Norge.

Artikkeltags