Rekordmange tenker seg på Flekkefest til helga. – Det har gått over styr før, men det skal ikkje skje igjen

ARRANGØRAR: F.v.  Trym Helle, Maren Myklebust, Elise Hovland, Heiki Hauge er spente på fredagens Flekkefest, som har fått dobbelt så stor repons som i fjor.

ARRANGØRAR: F.v. Trym Helle, Maren Myklebust, Elise Hovland, Heiki Hauge er spente på fredagens Flekkefest, som har fått dobbelt så stor repons som i fjor. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FJALER: Russegruppa har fått enorm respons på fest i Flekke. Dei garderer seg med 16 vakter og politiet på hurtigtasten.

DEL

– Ingen i området rundt Dale har ønskt å leige ut til ungdommar som vil ha fest, men etter hard jobbing har vi fått leigd bygget i Flekke. No håpar vi på at vi kan vise at det ikkje er noko problem å leige ut til oss, seier Maren Myklebust, som er med å arrangere.

Russegruppa med dekknamnet «Godt og blanda 2019» skal arrangere fest i ungdomshuset i Flekke på fredag.

Omtrent dobbelt så mange som i fjor, har trykka «skal» på skuleårets første Flekkefest. 400 har meldt at dei vil delta på arrangementet på Facebook, som fungerer som ei inngangsliste. Men arrangørane kjem berre til å sleppe inn 200.

Elise Hovland og Maren Myklebust fortel at ein mogleg grunn til pågangen, er at det er lenge sidan det no har vore arrangert noko i området.

Reiser heilt til Flekke

– At folk frå stader ganske langt vekke vil komme til vesle Flekke er utruleg gøy. Det er kjempekjekt, men eg kjenner jo at eg blir litt småstressa, seier Maren Myklebust. Det er ikkje Trym Helle einig i:

– Eg trur dette skal gå kjempebra, og eg gler meg, seier han.

Maren fortel at dei har veldig trua på ungdommen, og reknar med at alle oppfører seg slik at det ikkje vert noko problem for andre ungdommar å leige bygget i framtida.

Sjokkerande mange var interesserte

– Då eg såg kor mange som hadde trykka «skal», vart eg heilt sjokkert, fortel Trym.

Gruppa har jobba mykje med å få tak i nok vakter, og skal sjølve stille for å halde kontroll.

– Vi har vore i kontakt med politiet slik at dei skal vere tilgjengelege dersom dei skulle trengast, men også for at dei skal komme innom å sjekke at alt er bra i løpet av kvelden, fortel Maren. Ungdommane har jobba og styra på for at det skal brake laus på fredag på ein trygg og forsvarleg måte.

Ikkje alle kjem inn

Å skrive lister på kven som kan komme på festen er høgst nødvendig denne gongen, sidan det er fleire som vil komme enn det er kapasitet til i bygget.

– Lista over dei som har trykka «skal» på Facebook er nesten dobbelt så lang som den kan vere. Difor har vi, i tillegg til å berre kunne sleppe inn dei som har sagt på førehand at dei kjem,  måtte ty til andre ting, forklarer Elise Hovland.

Det er nemleg slik at berre dei som er tidleg nok ute, kjem seg inn på huset.

– Det er veldig trist at vi ikkje har plass til alle, men vi har ikkje noko anna val, forklarer Maren.

Håpar på at ingenting dumt skjer

 – Om ein ser tilbake på tidlegare Flekkefestar, er det openbert at ungdom under 18 år har drukke alkohol, fortel Heiki. Vi reknar med at vaktene våre vil ha kontroll, slik at ikkje noko dumt skjer.

– Det kjem ikkje som eit sjokk at mindreårige drikk. Målgruppa for festen er jo elevar på vidaregåande skule, både over og under 18 år. Vi som arrangerer håpar sjølvsagt at ungdommen følger norsk lov, og at alt går som det skal, seier Trym Helle.

Arrangørane håper at alle som kjem på festen oppfører seg, og at det ikkje blir gjort hærverk eller skade på verken ting eller personar.

– Dersom noko går gale på fredag, blir det fort heilt stopp på utleiga, og ikkje lenger nokon stad for oss å samle oss, forklarer Heiki.

Har gått over styr før – skal ikkje skje denne gongen.

Med 16 vakter på plass, politiet på hurtigtasten, erstatningsansvar, og ungdom som har gode hensikter med å dukke opp, er ikkje russegruppa så nervøse for fredagen.

– Vi har sjølvsagt trua på at alle klarer å oppføre seg, og at folk forstår at vi ikkje ønskjer at noko skal gå gale denne gongen, smiler Elise.

– Det har gått over styr før, men det skal ikkje skje igjen. Til alle som skal: Ikkje finn på noko kødd, ler Heiki.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken