Vil ha dataspel-linje på Dale vidaregåande

Jacob Bredesen er for tida IB-student (international baccalaureate) ved United World College i Flekke i Fjaler.

Jacob Bredesen er for tida IB-student (international baccalaureate) ved United World College i Flekke i Fjaler. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Snart kan det hende Dale-elevar får spele Counter Strike på skulen.

DEL

– Det finst jo mange vidaregåande skular med toppidretts-, fotball- og musikklinje. Så kvifor ikkje e-sport?

Ungdomspolitikaren Jacob Bredesen (17) har lenge lurt på kva som må til for å trekke fleire søkarar til Dale vidaregåande skule. Etter kvart fekk han ein sprø ide: ei linje med dataspel på toppidrettsnivå.

Ordførar: – Eg blei kjempegira

Men Jakob heldt ikkje ideen for seg sjølv. Etter å ha vore på eit politisk møte, sat han nyleg i bil saman med partifelle og Fjaler-ordførar

Kva er e-sport?

E-sport står for elektronisk sport, og inneber konkurransespeling av data-/videospel på eit visst profesjonelt nivå. Fenomenet har blitt meir og meir populært dei siste åra, og i 2014 var det 89 millionar menneske som følgde med på e-sport tett. Det er forventa at dette talet vil stige til 145 millionar i 2018.

På kort tid har e-sport blitt større enn tradisjonelle idrettar som langrenn, ishockey, alpint og tennis. Topputøvarane i e-sport er internasjonale superstjerner, og dei flinkaste kan tjene millionar.

I Norge har folkehøgskulane i Namdal, Buskerud og Lundheim hatt stor suksess med e-sportlinjene sine dei siste åra. Av vidaregåande skular er det berre Garnes VGS i Bergen som har oppretta ei e-sportlinje. Denne startar opp hausten 2016, og tilbyr fordjupning i eit av spela: Counter Strike: Global Offensive (CS:GO), League of Legends (LOL), Defenders of the Ancients (DOTA) og StarCraft 2.

Gunhild Berge Stang (V). Han seier at han då nemnde e-sport-ideen som «small talk», men ordføraren syntest det var ein kjempeide.

Dataspel-positive: Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang og rektor på Dale vidaregåande skule, Gro Fivelsdal.

Dataspel-positive: Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang og rektor på Dale vidaregåande skule, Gro Fivelsdal. Foto:

– Då eg fekk det forklart blei eg kjempegira. Det er nesten rart at ein ikkje har komme på dette før. Denne typen fag er ekstremt populære. Og sjølv om ein kan ha fordommar mot dataspel, ser ein at dei som heldt på med det har utviklar ein god kompetanse og kunnskap som er nyttig for vidare satsing i IT-teknologi, seier Berge Stang.

Og Fjaler-ordføraren var ikkje den einaste som blei gira av den spenstige ideen. Etter å ha fortalt om e-sportslinja til ordføraren, tok Jacob den vidare til rektor for Dale vidaregåande skule, Gro Fivelsdal.

Rektor: – Spennande og spenstig

– Eg må innrømme at eg aldri hadde høyrd om noko slikt før, så eg måtte lese meg litt opp på det. Eg las om ei liknande linje på Garnes VGS, og det høyrdest spennande og spenstig ut. Skulane skal jo vere utviklingsorienterte, og eg er veldig positivt til innspel som kjem til skulen, ikkje minst når dei kjem frå ungdom, seier rektoren.

Rektor Fivelsdal fortel at dersom e-sportslinja blir ein realitet, skal det vere eit programfag som kan kombinerast med studiespesialisering. Men ho understrekar at ho framleis er litt avventande.

– Eg spør meg jo om det verkeleg kan bli så mange søkarar som Jacob trur, eller om 16-åringar flyttar kvar som helst for å gå på ei slik linje. I tillegg er det ein del kutt innanfor opplæringssektoren i fylket, så det er ikkje enkelt økonomisk sett. Men samtidig kan ein ikkje berre bremse og kutte. Ein må tenke utvikling. Framtida kan sjå annleis ut enn vi ser no, seier ho.

IT-bedrift villig til å sponse
IT-bransjen: Avans-leiar Magnar Høyvik (t.v.) og John Helge Nistad på Dale-kontoret til Nordic Semiconductor AS er svært positivite til ideen om ei E-sport-linje på Dale vidaregåande skule.

IT-bransjen: Avans-leiar Magnar Høyvik (t.v.) og John Helge Nistad på Dale-kontoret til Nordic Semiconductor AS er svært positivite til ideen om ei E-sport-linje på Dale vidaregåande skule. Foto:

Og IT-bransjen er nettopp ein av bransjane som det er sagt blir viktige i framtida. I Dale er Enoro og Avans døme på IT-bedrifter som har klart å gjere det bra, trass i ein nedgang i den norske økonomien elles.

– Eg veit kva dataspel går i, seier Magnar Høyvik, dagleg leiar i Avans AS.

Og han er ikkje den einaste IT-miljøet i Dale som har spelt sin porsjon med dataspel. Avans-sjefen fortel at han har høyrd om eit gamingmiljø blant tilsette både i hans eiga bedrift og Enoro. Han trur at eit e-sportslinje kan vere ein døropnar til IT-bransjen for elevar, og seier at Avans er villige til å sponse linja og vere hospiteringsbedrift.

– I vidaregåande-alderen er det vanskeleg med ei rein dataretta linje, og ein veit ikkje heilt kva datafag inneber. Då er ei slik linje betre, der dei kan også kan hospitere og sjå kva moglegheiter som finst i bransjen, seier han.

Norge-sjefen: Stian Hårklau, dagleg leiar for Enoro Norge.

Norge-sjefen: Stian Hårklau, dagleg leiar for Enoro Norge. Foto:

Også sjef for Dale-bedrifta Enoro, Stian Hårklau, trur det blir interessant å følge med på kva som no skjer.

– Vi har sjølv tilsette som er engasjert i spelemiljøet, og synest det er spennande å sjå om vi får eit slikt tilbod i Dale.

Men sjølv om både skule, ordførar og næringsliv er positive, er e-sportslinja på Dale vidaregåande skule enno berre ein ide. Framover må dei få økonomisk klarsignal frå fylkeskommunen, dersom linja skal bli ein realitet. Men Jacob (17) har trua:

– Det handlar om å sjå trendane i ungdomskulturen og bruke dei. Framtida handlar om teknologi og IT, og det blir ofte snakka om digitalisering i skulen. E-sport kan vere ein del av det, og då gjeld det å tenke framover og vere progressiv i tankegangen.

Artikkeltags