Fiskeridirektoratet har no meldt Aller Aqua Norway AS etter rømminga i oktober i fjor, der 35.000 fisk rømde frå anlegget deira i Høyanger kommune.
Fiskeridirektoratet skriv på sine heimesider at meldinga kjem fordi dei vurderer at rømminga skuldast brot på regelverket.
Fleire avvik ved tilsyn
– Når vi følgde opp rømmingshendinga, fann vi fleire avvik ved tilsyn, seier Gudrun Egge, konstituert seksjonssjef for seksjon reaksjonar i Fiskeridirektoratet.
Etter rømminga var selskapet pålagt å drive miljøovervaking, og dessutan å drive uttak av laks som hadde rømt frå anlegget. Dette måtte dei ved 11 vassdrag i Vestland.
Meldinga frå Fiskeridirektoratet kom i januar i år, og direktoratet skriv at dette er for «ulike brot på akvakulturlovgjevinga»
Vil ikkje seie kva lovbrot
Bladet IntraFish, som først melde saka, skriv at direktoratet ikkje vil seie nøyaktig kva brot det er snakk om.
– Sidan dette er ei pågåande politisak så har ikkje Fiskeridirektoratet fleire kommentarar per no, seier Nadia Jdaini, senior kommunikasjonsrådgivar i Fiskeridirektoratet, til IntraFish.
Frå før har også Miljøvernforbundet politimeldt lakserømminga:
Miljøvernforbundet politimelder lakserømminga i Vadheim
Andre saker om rømminga:

Oppdaga merd-hol på fire gonger fire meter. Politiet trur no dei veit årsaka

Drog opp 1700 rømte laks: – Såg friske ut
