Overproduserte smolt – no må dei betale tilbake innteninga

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

NÆRINGSLIV: Marine Harvest må betale seks millionar kroner dei tente på overproduksjon av smolt.

DEL

Overproduksjonen skjedde mellom 2008 og 2011 på anlegget Haukå på nordsida av Norddalsfjorden, og selskapet fekk først ei stor bot av politiet, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Må betale seks millionar

Sidan har saka gått til Lagmannsretten, der det vart konkludert med at Marine Harvest blir frikjende. Lagmannsretten påpeika derimot at selskapet har produsert meir enn dei hadde lov til, og dei har tent pengar på det. Seks millionar kroner av pengane dei har tent på overproduksjon blir difor inndregne.

Tok for lang tid

Frikjenninga av Marine Harvest skjedde fordi det gjekk for lang tid mellom det skjedde og til siktinga vart teken ut i 2014.

Lagmannsretten meiner vidare at sidan oppdrettsselskapet produserte meir enn dei hadde løyve til, får dei heller ikkje erstatning for pengane dei har betalt for vidare saksgang i rettssystemet.

Det gjer at politiet slepp å betale sakskostnadane som dei vart idømt i 2015.

Artikkeltags