Svart hav rundt oppdrettsanlegget

VADHEIMSFJORDEN: Anlehhet ligg ytst i Vadheimsfjorden, tvers for garden Klevald.

VADHEIMSFJORDEN: Anlehhet ligg ytst i Vadheimsfjorden, tvers for garden Klevald. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HØYANGER: Etter eit døgn med intensivt garnfiske i området rundt oppdrettsanlegget i Vadheim har ein ikkje fått ein einaste fisk.

DEL

– Vi tolkar dette dithen at det ikkje har rømt laks frå nota som rivna tysdag, seier Kjetil Hestad ved Tombre Fiskeanlegg, som eig anlegget.

Under avlusing tysdag vart det rive eit hol i ei merd som inneheldt 120.000 einkilos laks.

Hell i uhell

– Fisken står stort sett på 15 meters djup, og holet er på 27 meters djup, så vi har eit håp om at dette kan ha gått bra likevel, sa Hestad til Firda onsdag.

– No har det vore fiska med ein halv kilometer med garnlenker i området rundt anlegget. Dei har vore sett og dregne fleire gonger, men ein har ikkje fått ein einaste fisk, seier Hestad.

250 kr i dusør

For å vere på den sikre sida lyser dei no ut ein dusør på 250 kroner for kvar einkilos oppdrettslaks hobbyfiskarar eventuelt vil få i fjorden.

– Då aukar vi i alle fall sjansane for at vi får vite om det, om det likevel skulle ha rømt laks, seier Hestad.

– Når ein fiskar med ein halv kilometer flytegarn i eitt døgn, så får ein samstundes eit signal om kva som finst av anna fisk i området. Når du seier «ikkje ein einaste fisk», betyr det «ikkje ein einaste einkilos oppdrettslaks», eller «ikkje ein einaste fisk i det heile tatt»?

– Det vart ikkje teke ein einaste fisk i det heile tatt.  

Artikkeltags