– Vi fekk telefonisk beskjed om rømminga i formiddag, seier seniorrådgjevar Geir Martin Kvamme hjå Fiskeridirektoratet.
Anlegget det gjeld, ligg ytst, på vestsida av Vadheimsfjorden, og er eigd av Tombre Fiskeanlegg.
Miljø- og samfunnskoordinator for Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg Kjetil Hestad stadfestar at ein hadde eit driftsuhell ved anlegget i går:
Under avlusing
– Det skjedde under ein heilt planlagd operasjon med avlusing, slik vi gjer frå tid til anna. Vi veit ikkje kva som gjer at det er komme ei rift i nota, det vil vi finne ut av. Det er svært beklageleg, dette er ting som ikkje skal skje, og vi vil bruke alle ressursar på å minimere konsekvensane, seier Hestad.
Han fortel at det stod 120.000 fisk i nota før ein oppdaga at den var rivna.
Fisken er på rundt eitt kilo. Etter at vi oppdaga holet har vi følgt beredskapsplanane for slike tilfelle, så vi har sett ut garn i sjøen for å drive attfangst. Det garnet som vart sett, vart nettopp drege, men utan fangst.
500 meter garn
Utover dagen kjem ein til å sette inn større ressursar i gjenfangsten, seier Hestad:
– Vi har kontakt med yrkesfiskarar som skal sette eit ut ein halv kilometer med garn rundt anlegget, seier Hestad. Han har eit håp om at rømminga kanskje ikkje er så stor:
– Fisken står i det vesentlege på femten meters djup, og holet som vart oppdaga var på 27 meters djup, så holet låg betydeleg mykje lågare enn der fisken står. Så når det først er så gale, så har vi tru på at det ikkje er mykje fisk som er kommen ut.
– Veit de noko om kor mykje fisk som er rømt?
– Nei. Det er for tidleg å seie. Vi jobbar intenst med å finne ut av omfanget no. Vi vurderer om vi skal hente inn ein brønnbåt i ettermiddag for å telje opp kor mange fisk som er att i nota.
– Det har vore vanleg å betale hobbyfiskarar «skotpremie» på rømt oppdrettslaks. Blir det det i Vadheimsfjorden no?
– Vi vil i løpet av dagen ta stilling til om folk som får fisk, skal få 250 kroner per fisk.