Osland Havbruk trur investeringa til hundrevis av millionar vil løyse mange problem

SØKJER KONSESJON: Osland Havbruk meiner denne betongkonstruksjonen, som dei kallar  «Bunnsolid», vil vere rømningssikker og hindre mykje av lakselus-problemet.

SØKJER KONSESJON: Osland Havbruk meiner denne betongkonstruksjonen, som dei kallar «Bunnsolid», vil vere rømningssikker og hindre mykje av lakselus-problemet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HØYANGER: Osland Havbruk vil investere hundrevis av millionar i betongkonstruksjon som dei trur vil løyse mange av næringa sine problem.

DEL

Osland Havbruk i Høyanger håper dei kan løyse mange av utfordringane fiskeoppdrettsnæringa står ovanfor i dag; nemleg lakselusa og rømming.

Dette vil dei gjere med konstruksjon som er dimensjonert og konstruert slik som betongbeina på ein oljerigg.

Denne konstruksjonen blir då som ein rømmingssikker «merd». Osland Havbruk har sjølv utvikla ideen og konseptet. No er berre håpet at dei får gjennomført det. 

Avhengig av ja frå fiskeridirektoratet

Bedrifta har søkt fiskeridirektoratet om seks utviklingskonsesjonar for å realisere prosjektet, som dei kallar«Bunnsolid»

VIL INVESTERE: Erik Osland i Osland Havbruk har eit nytt prosjekt på gang som han håper vil løyse mange av problema i fiskeoppdretten.

VIL INVESTERE: Erik Osland i Osland Havbruk har eit nytt prosjekt på gang som han håper vil løyse mange av problema i fiskeoppdretten. Foto:

Den vil vere ein trygg arbeidsplass med stabile arbeidsplattformer, som gjer det enkelt for røktaren å ha fokus på fôring og fiskevelferd, meiner firmaet.

– Vi er ganske avhengig av at vi får igjennom denne søknaden. Om vi ikkje får ja frå fiskeridirektoratet, veit eg ikkje om vi set i gang med dette prosjektet, seier Erik Osland i bedrifta.

Investering på fleire hundre millionar

Men dersom dei får tommelen opp frå direktoratet, set dei i gang. 

– Det er ei veldig stor investering dette her på fleire hundre millionar kroner. Men om vi får nye konsesjonar og får utvikla konseptet vårt, vil vi kunne doble omsetninga vår. 

I dag jobbar det totalt 30 tilsette i bedrifta, fordelt på settefiskanlegg og matfisk. Dersom Osland får igjennom søknaden i direktoratet, vil dei kunne trenge opp mot 10- 20 tilsette.

– Det er ei veldig stor verdiskaping for oss dette her, seier Osland.

Mot rømming og lus

STOR INVESTERING: Om Osland Havbruk får prosjektet sitt gjennomført, vil det koste dei mange hundre millionar og dei må også tilsette fleire nye folk.

STOR INVESTERING: Om Osland Havbruk får prosjektet sitt gjennomført, vil det koste dei mange hundre millionar og dei må også tilsette fleire nye folk. Foto:

I tillegg til at konstruksjonen vil vere så å seie rømmingssikker, vil den også bli tilført vatn frå fjordbotnen. Dette er viktig fordi det er då mindre sjanse for at lakselusa følger med, enn om vatnet kjem frå overflata.   

– Det vil då vere mindre, og kanskje minimal, sjanse for at lusa følger med.

Avløpsvatnet blir spreidd på store djupner og vil tilføre næringssalt til næringsfattige fjordsystem.

Osland Havbruk ønsker å bygge ein prototype på 1000 m³ på Osland, og når den piloten er ferdig vil eit fullskala-anlegg i storleiken 20.000 m³ og 40.000 m³ bli etablert.

Osland Havbruk har i dag fem konsesjonar. Dei håper at dersom dei får realisert konstruksjonen, kan dei nytte den til all produksjon i firmaet. 

Artikkeltags