Henta opp ein heil container med skrot

Florø Froskemannsklubb i sving med å rydde på botn i Florøvika. Dei er Philip Dixon Sandberg, Runar S. Hove, Frank Sæthre, Thomas Koseth og Arnfinn Kringlen.

Florø Froskemannsklubb i sving med å rydde på botn i Florøvika. Dei er Philip Dixon Sandberg, Runar S. Hove, Frank Sæthre, Thomas Koseth og Arnfinn Kringlen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Ein heil container med skrot og gamle bildekk var fangsten i den andre ryddeaksjonen på botn i Florøvika.

DEL

Fem friske froskemenn frå dykkarklubben i Florø kombinerte hobby og hygge med samfunnsnyttig arbeid laurdag.

– Denne gongen henta vi opp 50–60 gamle bildekk pluss ein del anna skrot, seier leiar i Florø Froskemannsklubb, Philip Dixon Sandberg, til Firdaposten

Dette var andre gongen at dei rydda i området ut forbi Amtskaia og Meierikaia. I den første runden henta dei opp store mengder glasflasker, truleg frå den gong det var drift i meieriet. Det var mykje gammalt skrot, men ingen avskrekkande mengder med moderne søppel akkurat her.

– Dette var den tredje ryddeaksjonen vår, men den andre her i hamneområdet. Vi reknar med å fortsette lenger vestover i hamna neste gong, fortel Sandberg.

Trond Sveen og Marø Havbruk var med Florø Froskemannsklubb for å rydde på sjøbotn på Florøvika.

Trond Sveen og Marø Havbruk var med Florø Froskemannsklubb for å rydde på sjøbotn på Florøvika. Foto:

Det er tredje året på rad at Norsk Dykkeforbund har fått midlar frå Sparebankstiftinga DNB til denne landsomfattande aksjonen. Midlane går til innkjøp av utstyr for å gjere jobben og å få levert skrotet. Dei to første åra reknar dykkeforbundet med at dei landet over til saman har henta opp kring 200 tonn med søppel og henta opp 400 tapte teiner. 

Denne laurdagen hadde Florø Froskemannsklubb alliert seg med Marø Havbruk frå Svanøy for å få hjelp til å løfte opp og handtere skrotet.

– Eit så flott tiltak det går det ikkje an å seie nei til, understrekar Trond Sveen, som kom med havbruket sin solide arbeidsbåt og ein hjelpemann for å vere med på sjøryddedugnaden.

Trond Sveen og Marø Havbruk var med Florø Froskemannsklubb for å rydde på sjøbotn på Florøvika.

Trond Sveen og Marø Havbruk var med Florø Froskemannsklubb for å rydde på sjøbotn på Florøvika. Foto:

Artikkeltags