Osland Stamfisk kjøper Marine Harvest-anlegg

Sygna settefiskanlegg på Hermannsverk.

Sygna settefiskanlegg på Hermannsverk.

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Fredag var avtalen i boks. Osland Stamfisk har kjøpt Marine Harvest sitt settefiskanlegg, Sygna.

DEL

– Settefiskanlegget Sygna er lokalisert på Hermansverk i Leikanger kommune. Det passar godt inn i vår satsing og oppbygging av Osland Stamfisk, seier kommunikasjonskontakt Geir Helge Østerbø i Osland Havbruk as i ei pressemelding.

Tilsette får vere med vidare

Alle dei tilsette i Sygna settefisk får tilbod om å bli med vidare, og vil dersom dei takkar ja, framleis har Hermansverk som sin arbeidsstad.

– Marine Harvest og Osland Havbruk har heilt sidan 2011, då vi kjøpte settefiskanlegget på Sørebø, hatt ein god dialog. Vi kjenner både anlegget på Hermansverk og dei som jobbar der, og er trygge på at dette passar godt inn i planane til Osland Stamfisk, seier Østerbø.

Framtidig landanlegg

Dei første åra vil Sygna vere med å avlaste anlegget på Sørebø med startforing av aure.

– Planane for Synga er eit framtidig landanlegg for stamfisk og startforing av aure. Anlegget på Hermansverk har unik lokalisering i høve biologisk risiko. Vi får no moglegheit til å halde delar av stamfiskproduksjonen på land i heile livssyklusen, noko som gir oss moglegheit til å levere rogn heile året, seier Østebø i pressemeldinga.

Artikkeltags