Fiskebåt har køyrt på ei brygge i Måløy

DEL

Klokka 03.30 i natt fekk politiet melding om at ein båt hadde køyrt på ei flytebrygge med Måløy terminal. Båten er ein 120-fots fiskebåt.

– Båten skulle legge til ved terminalen i Måløy. Årsaka er til kollisjonen er mest sannsynleg tekniske problem. Vi har vore om bord og gjort dei undersøkingane vi kan, vi har også vore i kontakt med skipper og styrmann. Havninspektøren har også gjort undersøkingar på båten, seier Terje Magnussen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet opprettar ei undersøkingssak.

Artikkeltags