Fire vilt og ein oter påkøyrt i natt

– Det er dessverre ein god del påkøyrsler no, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. 

DEL

Frå onsdag kveld til torsdag morgon vart det meldt om fem påkøyrsler av vilt i Sogn og Fjordane:

  • Klokka 23.20 i Erdalen i Sunnfjord kommune.
  • Klokka 23.40 i Vengen i Selje.
  • Klokka 2356 vart ein oter påkøyrd ved Eikefjorden i Kinn kommune
  • Klokka 0240 ved Mannheller, 5 km før Amlatunnelen i Sogndal kommune.

Kolltveit fortel at viltpåkøyrslar ikkje er noko uvanleg.

– Det er verken noko nytt for i år eller for årstida. Det er skjer jamt og trutt, seier han.

Om ein skulle vore så uheldig å køyre på eit dyr understrekar Kolltveit kor viktig det er å ringe politiet.

– Det er veldig viktig. Politiet tar då kontakt med viltnemnda som kjem for å ta hand om dyret. Det er viktig for dyret at viltnemnda kjem så fort som mogleg i tilfelle dei må avlive dyret, seier Kolltveit.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags