Fire skulle på ferie saman, men måtte avbestille. Tre fekk igjen pengane med ein gong – men ikkje Audun

– Vi var fire som bestilte tur saman, vi avbestilte på same tid. Dei tre andre fekk kostnadane dekte av Gjensidige på rappen, men eg får ikkje. Det er uforståeleg, seier Audun Leirvåg på Myklebust i Jølster.