Politiet melde om ulykka klokka 04.30.

Bilane skal ha kollidert front mot front, der det sat tre personar i den eine bilen og éin person i den andre.

Då naudetatane kom til staden, var alle personane bevisste, men skadeomfanget er ukjent. Dei vart alle sende til sentralsjukehuset i Førde for vidare behandling, opplyser politiet.

Bilane fekk store materielle skadar, og som følgje av ulykka var rv. 5 stengd i ein periode. Om lag klokka 06.00 vart vegen opna igjen.

– Kom seg ut på eiga hand

– Alle kom seg ut av bilane på eiga hand, men alle blei køyrde til sjukehus for ein sjekk, seier Tatjana Knappen, i Vest politidistrikt klokka 09.20 laurdag morgon.

Ho seier også at det var unge menn i begge bilane. Politiet kan på noverande tidspunkt ikkje seie noko om årsaka til ulykka.