Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye smittetilfelle

Frå søndagens smittetestar er det funne fire positive prøver. Desse er avdekt i Stad og Stryn.

Det kjem fram frå Helse Førde sin rapport måndag morgon.

Søndag vart 53 prøver analyserte ved laboratoriet til helseføretaket. Av desse vart det funne fire positive prøvar.

Tilfella er avdekte i kommunane Stad og Stryn, men det er ikkje opplyst korleis prøvane fordelar seg mellom dei to kommunane.

Helse Førde understrekar at kommunane for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Tala syner også berre svar på dei prøvane som er analyserte ved laboratoriet til Helse Førde. Rapporten syner difor ikkje prøvesvar som er analyserte andre stader.

Les også

To nye smitta og 60 i karantene i Stad kommune

Kommentarer til denne saken