Fire nye smittetilfelle i Askvoll

FLEIRE SMITTA: Smittetalet har auka i Askvoll kommune. Det opplyser ordførar Ole André Klausen.

FLEIRE SMITTA: Smittetalet har auka i Askvoll kommune. Det opplyser ordførar Ole André Klausen. Foto:

Fredag vart alle tilsette ved Lerøy Bulandet testa for koronaviruset. Fleire av desse var positive.

DEL

Torsdags kveld vart det påvist fire nye smitta av koronavirus i Askvoll kommune.

– Desse nye smittetilfella er knytt til utbrotet ved Lerøy Bulandet AS, skriv kommunen i ei pressemelding laurdag ettermiddag. Ikkje alle er tilsette ved Lerøy Bulandet, det er også nærkontaktar.

Tilsette og elevar ved skulen i karantene

Blant desse nye smitta er det nokon med tilknyting til Bulandet skule.

– Av den grunn er både tilsette og elevar ved skulen sett i karantene, skriv kommunen.

Desse personane vert testa i løpet av helga.

Skulen vil måtte halde stengt til og med måndag etter haustferien, ut frå FHI sine retningslinjer for karantene.

– Ettersom barnehagen er samlokalisert med Bulandet skule, ser kommuneleiinga seg nøydde til å stenge barnehagen på måndag 5. oktober og tysdag 6. oktober. Stenginga av barnehagen vert vurdert på nytt på tysdag 6. oktober, heiter det i meldinga.

Smittesporinga er i gang

Då Firda prata med ordførar i Askvoll kommune Ole André Klausen like før klokka ti laurdag, fortalde han at smittesporinga er i gang.

– Det blir jobba i herdig med smittesporing med tanke til dei tilfella vi har.

Han fortel at dei nye smittetilfella viser at dei må jobbe vidare med sporinga.

– Vi i systemet møtast ganske ofte for å få oppdateringar, seier Klausen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken