Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye smitta

Tysdag vart det analysert 429 koronaprøvar i Helse Førde.

Av desse var det fire som var positive for covid-19.

Dei positive prøvane vart tekne i Hyllestad, Årdal og Sogndal kommunar.

Helseføretaket opplyser om at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er der pasientane bur eller har folkeregistrert adresse.

Vidare er det ingen pasientar som er innlagde på sjukehuset med stadfesta covid-19, og tre tilsett i helseføretaket er heime i anten karantene eller sjukemelding knytt til korona.

Les også

Nakstad: Vi vil få fleire koronainnleggingar

Les også

Låg vaksinedekning blant aldersgruppa 25–39 år. Furnes: – Ta kontakt om du ikkje har fått time