Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye smitta med korona

Torsdag analyserte laboratoriet ved Førde sentralsjukehus 202 koronaprøver.

Fire av desse prøvene gav utslag for covid-19. Dei positive prøvene er tekne i Kinn og i Luster kommune.

Det er per no ingen innlagde pasientar ved sjukehusa med stadfesta koronasmitte.

Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.