Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye personar smitta i Gloppen

Laurdag kveld meldte Firdatidend at fire nye personar har fått stadfesta koronasmitte i Gloppen.

Alle fire skal vere knytt til dei tre som testa positivt fredag.

– Det vil truleg kunne kome fleire smitta i løpet av dei neste dagane. Eg vurderer det ikkje som aktuelt med lokale tiltak, men vi kjem til å følge utviklinga tett, sa Østerbye Hansen, kommuneoverlege, til avisa.

Alle smitta skal kontakte nærkontaktar, og kommuneoverlegen får tilsendt lister over desse.

Les også

Tre smitta i Gloppen – 60 rekna som nærkontaktar

Les også

Éin ny elev stadfesta med korona i Naustdal. No er tre stadfesta smitta

Kommentarer til denne saken