Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye koronasmitta

Laurdag analyserte laboratoriet ved Førde sentralsjukehus 115 koronaprøver.

Fire av desse prøvene gav utslag for covid-19. Dei positive prøvene er tekne i Lærdal og Kinn kommune.

Det er per no ingen innlagde pasientar ved sjukehusa med stadfesta koronasmitte. Det er to tilsette i helseføretaket som er i karantene eller er sjukmelde på grunn av korona.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Les også

Helsestyresmaktene tilrår auka beredskap i to år

Les også

Korona-smitte både på Hafstad Vgs og Førde ungdomsskule

Les også

– Nærmar oss tidspunkt for ein meir normal kvardag