Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye koronasmitta

Torsdag analyserte Helse Førde 419 koronaprøver. Fire av desse prøvene var positive.

Dei positive prøvane vart teken i Vik og Stryn kommunar.

To av dei smitta tilhøyrer Stryn kommune. Desse er kjente nærkontaktar til allereie smitta personar, og testa positivt på den andre testen i smittekarantenen.

3. trinn på Tonning skule er i ventekarantene, skriv kommunen på sine nettsider.

Vik kommune har hatt eit pågåande utbrot etter 17. mai-feiringa i Fresvik. Smittesituasjonen er framleis uavklart og kommunen jobbar med smittesporing, skriv Vik kommune på sine nettsider.

Ein pasient som var innlagd med koronaviruset er skriven ut. Fredag morgon er det ingen pasientar som er innlagd med stadfesta covid-19 smitte.

Tre tilsette i helseføretaket er i karantene eller sjukmeldt på grunn av korona.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommentarer til denne saken