Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye koronasmitta og slutten på massevaksineringa i Sunnfjord

Fredag og laurdag analyserte Helse Førde 317 koronaprøver.

Fire av desse var positive, to på fredag og to på laurdag.

Alle dei positive prøvene er tekne i Sunnfjord kommune.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Tredje vaksinedose

Måndag skriv Helse Førde i ei pressemelding at personar med alvorleg svekka immunforsvar no får tilbod om ein tredje dose med koronavaksine.

Helse Førde jobbar no med å identifisere og skrive brev til dei som skal ha tilbod om vaksinen.

To dagar for massevaksinering

Sunnfjord kommune går no inn i sluttfasen av massevaksineringa mot covid-19 over 18 år. Kommunen har sett onsdag 29. september og onsdag 20. oktober som dei to siste dagane for massevaksinering på Førdehuset.

Kommuneoverlege Øystein Furnes skriv i ei pressemelding at dei oppmodar sterkt til at flest mogleg tek vaksinen.

Dersom ein ønskjer å vaksinere seg må ein kontakte kommunen snarart på telefon 577 22 000.

Les også

No gler han seg til å gjere andre ting: – Eg har ikkje noko behov for å sjå meg sjølv i avisa kvar dag

Les også

NORGE ER OPE ATT! Slik skal sunnfjordingane feire!

Les også

Preben Moen: – Det var vill jubel då nyheita kom!

Les også

Pikant-sjef Rebecca (30) jublar over gjenopning: – No skal vi køyre på!

Kommentarer til denne saken