Kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen i Gloppen kommune melder torsdag at fire nye er smitta etter utbrotet i kommunen.

Alle dei nye smittetilfellene skal vere nærkontaktar. Av dei smitta er ein knytt til Mona barnehage og ein knytt til Gloppen ungdomsskule.

Totalt har 73 personar blitt meldt smitta sidan utbrotet starta. 14 personar skal no vere i isolasjon, alle dei øvrige smitta er friske og er ute av isolasjon. Nokon skal ha hatt influensaliknande symptom, men dei fleste vert meldt å vere milde. Ingen skal så langt ha vore alvorleg sjuke, skriv kommuneoverlegen.