Fire koronapasientar er no utskrivne etter innlegging

To koronapasientar er framleis innlagde ved Førde sentralsjukehus. Éin får intensivbehandling.

DEL

Ingen nye fekk påvist smitte førre døgn. Det melder Helse Førde i statusoppdateringa som vart lagt ut seint søndag kveld. Fem personar vart testa.

Ved sjukehuset er det no to pasientar igjen som er innlagde med COVID-19 smitte. Éin av desse får intensivbehandling.

Søndag kveld melde helseføretaket også om at totalt fire koronapasientar er skrivne ut. To av desse vart skrivne ut før helga.

Fire ventar på svar

Det er få innleggingar i Helse Førde og fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes meiner det speglar smittesituasjonen for to veker sidan. Sidan har folk vore flinke til å avgrense spreiinga, men Vingsnes er også budd på at ting kan endre seg.

– Vi får sjå korleis det utviklar seg, men vi er førebudde på at tal pasientar skal auke også her, sa Vingsnes til Firda før helga, og oppmoda folk til å framleis følge smittevernråda frå styresmaktene.

Måndag opplyser Vingsnes i ei tekstmelding at fire personar er isolerte medan dei ventar på avklaring.

Friskt helsepersonell

I oppdateringa søndag kveld kom det også fram at berre 13 av 3000 Helse Førde-tilsette er i karantene. Fredag var dette talet 22.

Det er framleis berre to tilsette i helseføretaket som er stadfesta smitta med korona.

Artikkeltags