Klokka 00.20 natt til fredag fekk politiet melding om fire hestar som gjekk og trakka langs rv. 15 ved Stårheim i Nordfjord.

– Dei gjekk i retning Måløy, seier operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt fredag morgon.

Politiet har forsøkt å ringe ulike gardseigarar, men har ikkje kome i kontakt med hesteeigaren. Politiet varsla også Vegtrafikksentralen om situasjonen. Det er 80-sone på staden, og det kunne oppstå farlege situasjonar.

– Men vi har ikkje fått ytterlegare meldingar om fare, så vi får håpe at nokon har vore ute med lassoen og hanka dei inn att.