– Det var ganske heftige resultat det der, seier Per Algerøy ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Då utrykkingspolitiet stilte seg opp ved Romarheim på E39 torsdag morgon, fekk dei skikkeleg fangst. 19 førarar fekk forenkla førelegg for høg fart. Blant desse 19 var den høgste målte farten 114 km/t.

I tillegg mista fire førarar sertifikatet. Dei køyrde i 125, 128 130 og 146 km/t.

– Det har vore ein del fartsoverskridingar ved Romarheim tidlegare, men her var det mykje og høg fart, så det er ikkje heilt normale resultat, seier Algerøy.

Han har observert at det er ganske mange innrapporterte fartsoverskridingar for tida, og spekulerer i at mindre trafikk på grunn av korona kan vere med på å opne.

– Det er meldt frå UP fleire stader i landet no for tida, seier Algerøy.