Naudetatane vart tysdag sendt ut etter melding om ei trafikkulykke på Rv. 15 Strynevegen.

Fire bilar, med totalt fem personar i, var involverte i ulykka. Alle involverte var vakne og medvitne, og 110 Vest melde på Twitter at det ikkje var alvorlege personskadar. Airbag var utløyst.

Ulykka skjedde på Strynevegen ved Kleiveneset 13.54. Det var passasje på staden og trafikken flaut fint ifølge politiet då ulykka først vart meldt.

Klokka 15.44 melde politiet seg ferdige på staden. To førarar var då frakta til legevakt for ein nærare sjekk.

Trafikken gjekk då som normalt på staden.