Ein av tre seier at lang ladetid gjer at dei ikkje vel elbil. – Lang ladetid og dårleg hurtigladetilbod er av dei største hindera for folk til å velje elbil, seier Nils Sødal i NAF.

Tala går fram av ei fersk undersøking gjennomført av medlemsorganisasjonen NAF.

Framleis er det for kort rekkjevidd som er hovudårsaka til at folk ventar med elbil. To av tre meiner det er grunnen til at elbil ikkje er aktuelt. Lang ladetid og for dårlege hurtigladarmoglegheiter er òg viktigaste hinder. Det at ein ikkje kan lade på jobben eller heime, gjer òg at mange vegrar seg for å kjøpe elbil.

– Nok ladarar og rask nok lading er ein av nøklane for å nå det politiske målet om berre å selje nullutsleppsbilar som nye bilar i 2025, seier senior kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF i ei pressemelding.

Den andre nøkkelen for å nå 2025-målet er ifølge NAF prisen på elbil. Ein av tre oppgir at det er for dyrt å kjøpe seg ein elbil.

– Vanlege folk, som den nye regjeringa er opptekne av, kjøper bruktbil, ikkje ny bil. Fire av fem bilkjøp i fjor var ein bruktbil. Bruktbilmarknaden på elbilar er framleis umoden, og elbilar med lang rekkjevidd er vanskelegare å få kjøpt brukt samanlikna med bensin- og dieselbilar, seier Sødal.