God helg

Artikkelen er over 2 år gammel

I to år har Egil Natvik Vestrheim (16) annonsert helga med dette Facebook-innlegget.

DEL

Det er ikkje helg før Egil Natvik Vestrheim (16) annonserer det i eit Facebook-innlegg, nøyaktig 14.15 kvar veke. «God helg» står det, enkelt og greit uten punktum eller utropsteikn.

– Tanken var å publisere innlegget 15 minutt før skulen var ferdig, som ei slags hyggeleg påminning om at helga snart er her, seier Egil.

Og slik har han halde fram i litt over 2 år. Kvart innlegg får mellom 20 og 40 likes, GIFs, og kommentarar som «Kos deg med øving til matteeksamen», «god helg, Egilbassen» og «Blir ikkje helg utan at du skriv det!».

– I starten var det få som brydde seg, med null likes mange veker i strekk. No får eg respons kvar gong. Det er alltid gøy når det kjem koselege helsingar i retur.

Egil er aktiv i AUF, og på årsmøtet deira fekk han ein pris for «Årets God Helg». Han har også støtt på facebook-venner ansikt til ansikt for første gong, og vert møtt med «God Helg».

– Korleis orkar du å skrive «god helg» kvar fredag?

– Eg gjer ikkje det. Eg fann ein app som automatiserer forskjellige prosessar, og innlegget var ein av tinga eg testa ut. Eg har også eit automatisk «Godt Nyttår»-innlegg, og eg får ei «God dag»-melding frå meg sjølv på mobilen kvar dag. Og så skifter mobilen bakgrunnsbilde automatisk kvar dag, slik at eg til ei kvar tid har eit oppdatert bilde av stjernehimmelen som bakgrunn.

Han ser for seg mange moglegheiter med funksjonen, men har ikkje tenkt å endre «God helg» i næraste framtid.

– Eg kunne for eksempel skrive «god dag» men det hadde blitt for mykje, folk hadde oppfatta det som spam. Eg kjem til å fortsette å ønske folk god helg så lenge som mogleg.

Artikkeltags